Sanning?
Den grunnleggjande ynskjet til fleirtalet av menneska på denne jorda er å få lov til å leva i fred, med fridom til sjølv å velgja livsveg. Alle er einige i at det skal vera ytringsfridom. I vår grunnlov står det endåtil at det «paaligger Statens Myndigheder at lægge Forholdene til Rette for en aaben og oplyst offentlig Samtale»(§100 siste ledd).
Men, vår eiga Grunnlov ser ikkje ut til å gjera inntrykk på verken media eller Storting. Det ser ut til å vera eit mønster at nokre tema vert utelatne frå mediabiletet. Privatpersonar og foreningar vert tvungne til å leggja ned mykje tid for i det heile tatt å få lov til å ytra seg i dei verkeleg kontroversielle sakene me står andsynes i dag: terrorangrepa 11.september 2001 (heretter 11/9), CO2-konsensusen og narkotikapolitiken.
Det er ei utbreidd oppfatning i USA at George W. Bush kom til makta ved valfusk både i 2000 og i 2004. Millionar av menneske har sett gode og veldokumenterte ytringar om sakene på internett. Filmar som Zeitgeist og Loose Change har vore med å skapa ei ny vending i korleis folk flest ser på 11/9 og krigen mot terror. Svært mange av oss er overtydde om at det er ugler i mosen. WTC7, den 47 etasjar høge skyskraparen som ikkje vart truffe av fly, fall verkeleg med om lag same fart som ein forventar av eit fritt fall, eller ei kontrollert nedriving, «eg har sett det sjølv på nettet...»
Så vidt eg veit eksisterer det ein slags global-under-bordet-konsensus om å ikkje la offentlegheita få tilgang til alle nyhetssendingane og video-opptaka frå den dagen. Om Bush administrasjonen hadde utført sine plikter, så ville dei ikkje lagt så mykje arbeid ned i å hindra folk i å få svar på kritiske spørsmål. Eg trur ikkje ein president med absolutt reint mjøl i posen kunne ha insistert på å berre forklara seg for delar av 11/9-kommisjonen, kun saman med visepresidenten, og utan kamera, mikrofonar eller offentleg referent.
Alle overlagte handlingar utførte av meir enn eit menneske er konspirasjonar, i ordets rette forstand. Den offisielle forklaringa er at 11/9 var ein konspirasjon mellom ekstreme fundamentalistiske muslimar som ynskjer å skada oss, fordi dei hatar vår fridom og vårt levevis. Den alternative forklaringa er at 11/9 vart planlagt og utført av maktmenneske i USA og Europa som ynskjer total kontroll over all framtidig utvikling på jorda.
I media er ordet «konspirasjonsteori» eit ord som vert brukt til å diskvalifisera noko som usannt, og benemninga «konspirasjonsteoretikar» er eit effektivt våpen for å umyndiggjera menneske med upopulære meiningar. Dei som forsvarar den offisielle forklaringa på kva som hende 11.september, er med på å forsvara menneske som, uavhengig av 11/9, har stått bak nokre av dei mest kriminelle hendingane i verdshistoria; mord, justismord, tortur, massedrap, kupp, okkupasjon...
Ein skulle tru at den frie pressa ville gripa ei slik sak begjærlig, og søkja seg til bunns i skandalen, men nei... Dei som i det heile slepp gjennom sensuren opplever oftast ein rungande taushet frå offisiellt hald, og krenkande innlegg frå folk som påstår å vita betre, utan nokon gong å koma inn på emnet om kvifor WTC7 fall så fort... Eller kvifor Osama bin Laden ikkje liknar heilt på dei tidlegare utgåvene av seg sjølv...
Tausheten rundt desse kontroversielle tema er som sagt påfallande, og berre det er i seg sjølv grunn god nok til å sjå nærare på saka. Sanningssøkjarar i USA opplever mykje trakassering og truslar, både gjennom media og privat. Mange vert rapporterte å ha døydd i kampen for å få fram sanninga om den globale konspirasjonen. Om me lukkar augene lenge nok, er det ikkje sikkert det er nokon att til å protestera for oss den dagen...


